Sunday, June 24, 2012


Lykke i Chochabamba

Eg har alltid sagt at eg skal redde verda. Korleis det skal gå føre seg og kva eg faktisk skal gjere er endå ikkje bestemt, men eg tenkte at eg kunne byrje med Proyecto Horizonte.

Etter mange timar på buss frå Cusco til La Paz, ein liten svipp tur innom ”Policia turistico” og ein veldig forsinka buss til Cochabamba var eg endeleg framme klokka 1 på natta. Heldigvis kom Enzo (frivilligkordinator) og henta meg på busshaldeplassen med eit smil om munnen.

Neste dag var det fotballturnering for ungane i Uspha-Uspha, og eg vart kasta midt oppi det. Akkurat slik eg likar det. Det er eit lite prosjekt som skjer siste laurdag i kvar månad og første dagen eg var med var det ca. 50 ungar tilstade. Det er obligatorisk for alle frivillige, men det er ein fin måte å gje noko tilbake til nabolaget. På slutten av dagen vert vinnarlaget kåra og dette er spesielt stas for ungane.

Litt om kva eg faktisk har gjort under min vetle månad i prosjektet. Min hovudoppgåve har vore ”Pre-kinder” i barnehagen. I denne gruppa er det barn på 4 år som er med og dei har skuledag fram til kl. 12.30. I klassen var eg med på å halde klassen i orden, leike med dei, trøyste/skjenne og gjere ferdig forskjellig arbeid til neste time. Grunnen til at eg valte å jobbe med akkurat denne aldersgruppa var fordi dei har betre språkkunnskapar, som igjen gjorde det lettare for meg å øve på å snakke spansk. Eg har også arbeida med den lokale kvinnegruppa som heitte ”Tantakuna”. Dei har eit bakeri, som eg jobba 1-2 gongar i veka i. I tillegg har eg arbeida i ”Maternal” avdelinga i barnehagen. Her er det ungar frå 0-1 år. Det var veldig koseleg og eg trur eg vart forelska i kvar og ein av dei søte små. Mange av ungane er ofte sjuke grunna skittent drikkevatn. I Uspha-Uspha har dei eit vatn prosjekt kalla ”sodis”. Her lærar vi ungane om reint vatn og kor viktig det er med god hygiene. Under midt opphald heldt vi også på med oppussing av andre etasje som skal bli nye kontor for leiinga. Som du kanskje ser, så fekk eg ein for innanfor dei fleste områda.

Grunnen til at eg valte Proyecto Horizonte var på grunn av nettsida og blogginnlegg til tidligare frivillige. Nettsida såg ryddig og fin ut og det såg ut som om leiinga hadde ting på stell rett og slett. I mylderet av frivillige organisasjonar er det vanskeleg å velje, men det var eit eller anna med PH som tiltrakk meg. Det som også var eit pluss var at det ikkje var så dyrt som andre prosjekt og dette gjorde godt i lommeboka til ein fattig student.

Sjølv om eg berre var på prosjektet i ein månad, så fekk eg likevel innsikt i arbeidet og lov til å vere med på veldig mykje. Ein av dei viktigaste grunnane til at eg hadde det så kjekt var nok på grunn av dei andre frivillige. Dei tok i mot meg med opne armar og vi vart som ein liten ”gringo” familie.

Håper andre nordmenn kunne tenkje seg dette og eg kan verkeleg anbefale det. Det er eit kjempe fint prosjekt, som gjer så mykje bra.
-        
             Amalie Dalland Senneset
Os, Noreg
amaliesen@hotmail.com

No comments:

Post a Comment